Om oss

Humleloftet as starta akkurat som alle andre ting; ein draum. Eg byrja med litt ølbrygging saman med ein kompis. Det var gøy og det utvikla seg slik at vi avanserte med ulike bryggeteknikkar - og så balla det på seg. Ølet viste seg jo å vere både godt, rimeleg og artig å lage til. Og det er lange tradisjonar her til lands. Ikkje minst i fylket vårt.

Så skulle vi brygge ei helg, men det viste seg at vi mangla nokre råvarer til oppskrifta som vi hadde valgt. Og det var ikkje til å oppdrive i nærleiken. Utgjort! Det var då det slo meg at kanskje eg skulle fullføre draumen om ein liten butikk med godt utval av humle og malt. Og god kvalitet og ferske varer. Så når andre i fylket kjem i same situsjon som vi gjorde, skal dei likevel kunne ha det gøy og brygge øl heime i helgene.